Løpetime på dei aller beste møllene våre; «Skillrun», i løperommet ved resepsjon. Dette er med ein time for alle, om du vil gå, jogge eller springe. Her køyrer vi ein kombinasjon av tre ulike funksjonar på mølla; løp slede og fallskjerm. Timen er bygd opp med 5-10 min oppvarming og deretter 3x8 minutters intervallar med 2 minutt pause i mellom. Kvar 8 minutters intervall inneheld 45 sekund jobb og 20 sekund pause. Du styrer mølla di heilt sjølv, både fart og stigning, og instruktøren vil vere der å anbefale deg intensitet tilpassa deg. Timen varar i 40 minutt.